Kos og lær tilbod i vinterferien

Har fått sving på ski & brettskolen

Har fått sving på ski & brettskolen

Instruktør Andreas Fjetland susar ned alpinbakken i Huldreheimen. Fjetland jobbar som instruktør hjå Sirdal Ski & Brettskole, og kan konstatere at fleire og fleire ønskjer grunnleggjande skiopplæring.

Sirdal Ski & Brettskole har svinga seg fram med ulike undervisningstilbod for skihungrige nordmenn. I den siste tida har skulen også fått eit oppsving. Nå er det ikkje berre helgene som er skidagar i Sirdal.

Skrevet av:
Oddvar Tjomlid
Publisert:
08.02.2010 kl 19:11
Endret:
09.02.2010 kl 09:14

Sidan nordmenn flest ikkje lenger er fødde med ski på beina, men med ski ståande klar i garasjen, trengst det meir skiopplæring. For skiinstruktør Fjetland betyr det meir vinterarbeid i Sirdal.

-Det går betre og betre år for år, kostaterer skiskulegrûndar Thomas Andrè Olsen.
Oppsvinget skuldast i første rekkje fleire undervisningstimar i vekedagane. I fjor enda det med ei omsetjing på 600.000 kroner. Ski- og brettskulen har base i Huldreheimen, Tjørhomfjellet, men tilbyr kursa sine i dei fleste skitrekka i Sirdal. Den mest erfarne instruktøren er Andreas Fjetland. I vinterhalvåret bur han i hytta ved Huldreheimen, og påtar seg skiundervisningstimar både kvardag og søndag.
-Dette er det 6. året som instruktør i skiskulen, fortel Andreas, som er fødd og oppvaksen i Stavanger. Men som ofte har tatt turen opp Hunnedalen for å stå på ski. Han har nyleg avtent førstegongstenesta, og vakta på Russegrensa er nå erstatta med skipedagogikk i Sirdal.
-Det er folk i alle aldre som deltar på kursa. Frå damer 70 pluss frå Texas til små norske barn. Men det er også mange som kjem frå oljebransjen i Stavanger, fleire av dei er engelskmenn som har jobbfri og vil lære seg å gå på ski.

Aktiv vinterferie

I vinterferien tilbyr Sirdal Ski & Brettskole i samarbeid med Stavanger Turistforening eit tilbod som blir kalla «Aktiv vinterferie». Det gir deltakarane mulegheit til å bli 2-3 dagar i Sirdal sjølv om dei ikkje har noko hytte å bu i. I kursavgifta inngår også heiskort i alpinbakken. Opplegget er berekna for aldersgruppa 10-15 år.
-Då blir det både kurs, skiglede i trekket, skiturar og sosialt samver med karaoke, seier Fjetland, som håpar mange nyttar seg av det spesielle tilbodet. Med opphald og opplæring er kostnaden kr. 3.500,- om du er medlem i turistforeininga.
For andre turistar som kjem til Sirdal, er det viktig å finne ein eigna bustad. Mange bur på Sageneset, og trives der. Men det er også ei stor gruppe, ikkje minst familie med barn, som ønskjer seg rimelegare butilbod. Danskane, til dømes, som ikkje alltid har like god økonomi som nordmenn flest, etterspør ofte eit slik tilbod.
-Det manglar små og rimelege butilbod for slike familiar, seier Thomas Andrè Olsen i Sirdal Ski & Brettskole, som elles har merka seg at godt vaksne nordmenn også friskar opp skikunnskapene i ny og ne. Utan at det går på sjølvbiletet laust.
-Det her blitt fleire i aldersgruppa 30pluss som nå går på skiskule, fortel Olsen.

Kommentarer (0 totalt)

Du må være innlogget for å skrive kommentar til nyheten.

Siste nyheter i Idrett


Zero Rally:

"El-dar" Vågan ladet batteriene hos AB Gasoline

På siste dag av Zero Rally gikk turen i dag innom AB Gasoline på Tonstad. Etter opplading fortsetter turen gjennom Sirdal til Lysebotn, før el- og hydrogenbilene når målgang på Oljemessa i Stavanger i kveld.
Les mer...

«Heit» hauststart for politikarane

Innsparingstiltak og løypekøyring på sakskartet

Når private bedrifter får økonomisk problem, er ofte alternativet for å kome på fote igjen å oppretthalde ein minst like stor produksjon med ein mindre arbeidsstyrke. I alle fall må produksjonskostnadene reduserast. Når det offentlege får slike økonomisk utfordringar, er løysninga i dei fleste tilfella å kutte i produktet. Ein produserer då altså mindre «vare» med same arbeidsstokken.
Les mer...2


Ikkje strongman-VM for Arild

Arild "Hulken" Haugen blir likevel ikkje med i årets VM i strongman. Ein skade sette ein stoppar for kvalifiseringsforsøket i Polen.
Les mer...

Mange sirdøler i aksjon på Kvinlaug Motorstadion

Se bildegalleri

Mange sirdøler i aksjon på Kvinlaug MotorstadionMotortrøbbel ødela for mange sirdøler under helgens bilcross stevne, men noen lyspunkt var det.
Les mer...


Varaordføreren tok innersvingen på ordføreren

Varaordføreren tok innersvingen på ordførerenLensmann og varaordfører Egil Netland knuste samtlige konkurrenter under helgens "show-race" på Kvinlaug Motorstadion.
Les mer...

Jørn Grønkjær har ikkje gløymt Sirdal og Noreg

Vil prøve å dra igang eit proffesjonelt sykkelløp i Sør-Noreg etter «Tour de France-modell»

Vil prøve å dra igang eit proffesjonelt sykkelløp i Sør-Noreg etter «Tour de France-modell»-Den model jeg ser for et årligt tilbakevendende internasjonalt sykkelløb i Norge kan sammenlignes med den danske, men de norske tur rute muligheter er langt mere alsidige og krevende, skriv Grønkjær i ein mail til Sirdølen.
Les mer...


Ordførere møtes til fartsduell

Ordførere møtes til fartsduellNylig deltok Sirdalsordføreren med rulleski på bena under Blinkfestivalen. Førstkommende helg venter nye utfordringer på Kvinlaug Motorstadion.
Les mer...

Ny vellukka «SirdalsBlink»

Ny vellukka «SirdalsBlink»Om du ikkje var i Sandnes, eller hadde grodd fast ved grillen i sommarkvelden, fekk du nok med den NRK sine innslag frå Blink-festivalen i Sandnes. Og då lyste garantert SIRDAL mot deg på TV-skjermen.
Les mer...


Florian Hofmann

«Schwinga» seg til stort oppslag i sveitisk avis

«Schwinga» seg til stort oppslag i sveitisk avis-Florian Hofmann ist aus Norwegen angereist, wo er sich mehr mit Huskies herumbalgt als mit stiernackigen Zweibeinern. Slik blir den nyinnflytta sirdølen omtala i eit stort oppslag i den sveitiske avisa Berner Zeitung.
Les mer...

Dana cup

Dana cupTo Tonstad lag deltar i Dana Cup 2010 i Hjørring / Danmark
Les mer...


Arild Haugen klar for nye utfordringar

Vurderer kamp i verdas tøffaste kampsport

Vurderer kamp i verdas tøffaste kampsport-Kampen er dømt til å gå til helvete, men det er derfor jeg har så lyst til å si ja til utfordringen, seier Arild Haugen til VG etter at det har gått rykter om ein muleg MMA-kamp mot strongmanlegenden Mariusz Pudzianowski.
Les mer...

Lysebotn opp:

Svein Tore Sinnes perset med 1,5 minutt

Se bildegalleri

Svein Tore Sinnes perset med 1,5 minuttEn drøy halvtime tok det før de sterkeste skiløperne rullet over målstreken ved Ørneredet. Ikke langt bak teten kom sirdølen Svein Tore Sinnes.
Les mer...

Siste nyheter


Dengang saueskillingen foregikk på fotballbanen

Slik var det på Tonstad i 1965

Se opptak fra siste gang saueskillingen fant sted på idrettsplassen på Tonstad.
Les mer...


På siste formannskapsmøte:

3 eventueltsaker

Ivar Hognestad (Frp) hadde to saker som han tok opp under eventueltposten på torsdagens formannskapsmøte, og ordførar Thor Jørgen Tjørhom orienterte om ei sak.
Les mer...


Bjørnestad skisenter får nytt vassverk og kloakkrenseanlegg

Bjørnestad skisenter får nytt vassverk og kloakkrenseanleggOm formannskapsmedlemmene hadde delte meiningar om driftsgjennomgangsutvalet, finansiering av løypekøyringa og støtta til Sirdalsferie as, så var det brei semje om at det burde ytast dualeg økonomisk støtte for å få tilfredstillande vassverk- og kloakkrenseanlegg på Bjørnestad skisenter as.
Les mer...


Kvier seg for å ta avgjersler

UTSATT, UTSATT, UTSATT

UTSATT, UTSATT, UTSATTDet er ikkje lett for Sirdals politikarar å føreta nedskjeringar og prioriteringar. Det viste dagens formannskapsmøte. Eit møte som enda med at alle dei vanskelege sakene; «gjennomgang av kommunens driftsbudsjett, «finansiering av skiløyper» og «Sirdalsferie as - kommunal stønad» blei utsett. Dermed var møtet unnagjort på 23 minutt.
Les mer...1


Kan dette vere ein Sirdalsmark?

Skulane skal kartleggje meitemarkane sine særtrekk

Skulane skal kartleggje meitemarkane sine særtrekkI Sirdal kalla me den ofte for "fiskemakk". Men det rette namnet er meitemark. Nå inviterer forskningsrådet skulane til ein "markedugnad".Målsetjinga er å finne ut om det er stor skilnad på meitemarken - om den har livnæra seg i ein åker på landet, eller ein kompostbinge midt i byen.
Les mer...


Ungdomsrevyen på Sirdalsdagane

«De kjøre riksvei, riksvei førti fem . . .

«De kjøre riksvei, riksvei førti fem . . .«Dei passere på Øvstabø, med bilen nesten full, og betale sine bompenga med fryd . . .»
Les mer...